
时间:2023-11-17
在手机上保存,获得更好体验
Eg såg meg einom drengjen
De fysste eg vart ve
Liten småsvein bar han 'ti fangji
Å gjekk i jori ti knes
I brokksvalin
Der skò domen stande
Kjm eg meg at manni dei
Kåpa den va bly
Hass arme sål i dessum heimi
Va trong i dyre ti
I brokksvalin
Der skò domen stande
Kjem eg meg at mònno dei
Dei bar på gloande jor
Gud nåe dei fatike såline
Som flutte deildir i skog
I brokksvalin
Der skò domen stande
Kjem eg meg at bònno dei
Dei støje so hågt på glo
Gud nåe de synduge såline
Ha banne burt far å mor
I brokksvalin
Der skò domen stande
Kjem eg meg at pòdda å òrmen
Dei hòggje kvòrare mæ tanni
De va synduge synskjini
Som hae kvòrare banna
I brokksvalin
Der skò domen stande
Der møtte eg dei òrmane tvei
Dei bite kvòrare i spori
De va dei synduge syskjenbònni
Som gifte kvòrare på jori
I brokksvalin
Der skò domen stande
Kjem eg meg at Syslehusi
Der va trollkjeringan inne
Dei sto kjinna i raue bloi
De va so tung ei vinne
I brokksvalin
Der skò domen stande
Der æ heitt i helvite
Heitar hell nokon hyggje
Der hengde dei 'pivi ein tjyrukjetill
Å brytja ne-i ein presterygg'e
I brokksvalin
Der skò domen stande