Haugtussa, Op. 67 - No. 4, Møte-Joanna Harries

Haugtussa, Op. 67 - No. 4, Møte

时间:2025-09-05

    使用手机浏览器「扫一扫」

    在手机上保存,获得更好体验

标签
歌词

Ho sit ein Sundag lengtande i Li;

det strøymer på med desse søte Tankar,

og Hjerta fullt og tungt i Barmen bankar,

og Draumen vaknar, bivrande og blid.

Då gjeng det som ei Hildring yver Nuten;

ho raudner heit; der kjem den vene Guten.

Burt vil ho gøyma seg i Ørska brå,

men stoggar tryllt og Augo mot han vender;

dei tek einannan i dei varme Hender

og stend so der og veit seg inkje Råd.

Då bryt ho ut i dette Undringsord:

»Men snille deg då at du er så stor!«

Og som det lid til svale Kveldings Stund,

alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer,

og brådt um Hals den unge Arm seg krøkjer

og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.

Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm

i heite Sæle søv ho i hans Arm.

展开显示全部歌词