Kalas-Stein Torleif Bjella
    使用手机浏览器「扫一扫」

    在手机上保存,获得更好体验

标签
歌词

Ein bygdis frå bygde mi

som ha budd i byen ei tid

låg og gret, i sofaen min

etter heimlengselen sin

Han sa; skulle ha klart meg lengji på

tjue sau og flatbrødsoll

Eit lite bruk pokker i vold herifrå

Klukka tolv kom eksen min

ho plaga uss med psyken sin

Ho va sur og sa det va over no

Det har vore slutt sea nittito

Ho sa; før ville du tenne på ting

no har du sykkel med vesku på

luggen er tunn, og feit er du og

feiging

Ein kamerat frå Kristiansund

som va visna burt ei stund

spratt på bordet som ei fjør

han ville prate ved Gud sjøl

Han sa; om det er slik at eg fær eit liv te:

Korfor må eg døy då fyrst?

Veit kje heilt om eg har lyst å prøve det

Grise-Lars er grov og rund

han sat ved sida tå han Kristiansund

Og unde middagen skifta han karakter

han begynte å kalle seg Vesle-Per

Han sa; er det i orden at eg søv her i nott

kvelden og månen gjer meg redd

i mørkre har so mykje skjedd fort og brått

Og mens månen heng og skin

høyre eg at eksen min,

feia bygdisen frå gard og grunn

Grise-Lars tek Kristiansund

Eg tenkji; no ha eg jaggu jammen fått det te

ingen eg kjenne er slik dei ska

og resten kan drite og dra

Takk for meg

展开显示全部歌词