Heksedans-Sahg
    使用手机浏览器「扫一扫」

    在手机上保存,获得更好体验

标签
歌词

Det går ein straum med slitarar

Frå verksted og kontor

I huset ventar kjerringa

På kjøkkenet står mor

Dei få som er igjen tek siste sjangs

Og går i heksedans

Dei tusen marionetter

Sprellar rundt i kvart eit hus

Med kosedyr i senga

Og små ting å stille ut

Men ute manar månen uten stans

Kom til heksedans

Eg ser ei naka dame

Med ei tru heilt uten tvil

Ho bær ikkje ei fane

Men eit sylkvasst sverd til smil

Ho varmar seg på synd og sjette sans

Og går i heksedans

Ein mann i mørket ropar

At kyrkja hans er ein skog

At staheita er styrka hans

Og våpenet ein plog

Han vandrar som ein Kristus uten krans

Ut i heksedans

På gullstolen sit biskopen

Og nører sine bål

Himmelen er ein vakker draum

Og vilja er som stål

Men ute syng dei sårt om skjebna hans

I ein heksedans

Dei lyr berre sin egen lov

Og sår sitt eget frø

Meir religiøs enn paven

Og meir radikal enn rød

Dei spår ein bedre verden som bær glans

Frå ein heksedans

展开显示全部歌词